Sagnet om Jutulhogget
Rendalsjutulen i Sølenfjellet var avundsjuk på Glåmdalsjutulen i Tronfjellet fordi han hadde så mye større elv gjennom dalføret sitt. Så fann han på at han ville leie Glåma over til Rendalen. Til det laga han ei kjempesvær øks og gav seg til å hogge laus på fjellryggen. Det første hogget gjekk noko skeivt - heile 45 grader nord-vest for den retninga som vassrenna skulle ha. Skaret etter dette heiter Veslehogget. Så vart han arg fordi det første hogget gjekk så skeivt, og hogg andre gongen til av all si makt. Det vart ei veldig fjellkløft nesten over til Barkald. Det ramla og larma så fælt at Glåmdalsjutulen vakna og spurte kva som stod på. "Ei høgg vasstro åt kvennom mine", ropa Rendalsjutulen, mens han svingte øksa til det siste hogget. Men da hadde Glåmdalsjutulen vorte heilt vaken. Han slengde av garde ein kjempestor stein. Den råka Rendalsjutulen midt i skallen så han datt livlaus om på austsida av Tysla. Der kan ein sjå grava hans attmed vegen den dag i dag. Det siste hogget som kunne ha fått Glåma til å renne gjennom fjellryggen til Tylldalen og Rendalen, vart det altså ikkje noko av. Ein dryg halv-kilometer står att. Den store steinen vart liggjande att på Fonnåsfjellet."
(teksten er hentet fra Tynset kommunes nettsider, tynset.kommune.no)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar